Yrkesetisk seminar

Seminaret starta onsdag 26 mars og strakk seg ut over tre dager. 
Me blei informert om skikkethet, etikkbegrep, taushetsplikt og opplysningsplikt. Så det var ein del å settja seg inn i. 
Det å vere lærar er eit stort ansvar! Alle valg som blir tatt må vere nøye gjennomtenkt både når det kommer til elevane og føresatte. Difor er yrkesetisk refleksjon viktig for oss lærarstudentar, me er nødt til å bli meir ansvarsbevisste. 
Som lærar har du teieplikt. Du får ikkje lov å snakka om personar eller konfliktar som skjer på arbeidsplassen og i arbeidstida di. Viss ein elev betror seg til deg, får du ikkje lov å gå vidare med denne informasjonen. Teiplikta varer livet ut! Sjølv om du ikkje er lærar lenger, får du ikkje bryte teieplikta di. 
Et unntak er viss du får kjennskap i at ein av elevane dine vert utsatt for misshandling elle romsorgsvikt, då kan du bryte teieplikta di og melde frå til barnevernet, dette er opplysningsplikta di!

Når me hadde gått igjennom desse begrepa fikk me utdelt oppgåva me skulle jobbe med og framføra på fredagen. Me fekk utdelt fire caser som me skulle jobba vidare med, samt at me skulle laga 10 yrkesetiske bod for lærarar. 
Me tek for oss oppgåve 5 først, som gjekk ut på å utarbeide dei 10 buda. Det var ikkje vanskeleg å komma opp med buda, det vanskelige var å prioritera rekkefølgja siden månge av dei var likestilte i våre auger. 

12 yrkesetiske bud for lærarar:

1. Interesse og omsorg for born og unge
Involvera seg i elevanes kvardag - både på og utanfor skolen. Snakke kontinuerlig med elevane om situasjoner som påverkar livet deira - og som også kan påverke skuledagen.

2. Følgje lovverket - oppfordre elevar til det same
Gjere seg kjent med lovar og reglar som gjeld for å utføra ditt yrke på ein god måte.

3. Innstilt på samarbeid med foresatte/kolleger
Være mottakelig for andre synspunkt/meiningar enn dne eigne. Ta imot innspill frå foreldre/kolleger/andre med eit positivt utgangspunkt - vidare vurdera om dei er relevante for elevanes utvikling

4. Godt forberedt til uventa situasjonar
Bruke planleggingsfasen aktivt, med tanke på å kunne takle einkvar situasjon. Ved oppstart av undervisninga har læraren forberedt ein "A-plan" og ein "B-plan", Dersom alternativ A ikkje fungerar. Evt ha ein kriseplan i bakhånd dersom alt går galt.

5. Evne til egenvurdering
Evaluera seg sjølv og eigen undervisning med tanke på best mogleg læring/utvikling hos elevane - tilpassa opplæring.

6. God rollemodell
Framstå/oppføra seg på same måte som du forventar av elevane

7. Vise respekt
Lytte ti elevane, ta innspillene deira på alvor.

8. Evne til god kommunikasjon
Opptre på ein tydeleg og engasjert måte, både verbalt og kroppslig

9. Være motivator
Skape ein indre motivasjon hjå elevar: være positiv, gi ros, være engasjert, bruke varierte arbeidsmetodar, forklara/demonstrera aktivitet på ein enkel og tydeleg måte, konstruktive tilbakemeldingar.

10. Evne til empati
Å settja seg inn i andres situasjon/følelsar, med tanke på  å oppnå ein løysning som fungerar.

11. Bruke kreative løsningsforslag
Tenke utradisjonelt for å oppnå variert og spennande undervisning/løysningar.

12. Skape tillit
Samanheng mellom ord og handling, tilgjengelighet, rettferdighet, tillit, empati. Sjå pkt 5, 6, 7, 9 og 10.

Når me var ferdige med dei 10 buda, som fort hadde blitt til 12, byrja me med casane. Casane handla om lærarens yrkesetikk. Kva bør ein lærar gjera i dei forskjellige situasjonane han blei plassert i, og kva meinte me var rett. Det var enkelt å samarbeide med gruppa mi og me var som oftast enige i det meste. 

Seminaret var veldig viktig og me har fått mykje nyttig informasjon som framtidige lærarar treng!

Ingen kommentarer: