Å leia basisgruppa på læringsarenaen

Mandag 1. oktober blir vi møtt av Birgit utenfor klasserommet, ho hilsar på alle før vi går inn og setter oss i et rom opplyst av stearinlys. Timen begynn med at alle framfører dei ulike læringsmetodane kvar enkelt har hatt om. Eg skulle snakka om ei læringsform som blir kalla Bifrost, noko eg aldri før hadde hørt om. Navnet kjem frå ein skule i Danmark, Bifrost barneskule. Her har dei eit litt annleis opplegg på skulen. De jobber i forskjellige verkstedet, som bl.a. laboratorium, lese/skrivestue og atelier. Det eldste trinnet jobber prosjektbasert. Skoledagen består også av fellesopplevelser og kursustimer. I fellesopplevelsestimene er barn fra alle årstrinn samlet, det kan være naturopplevelser, høytlesning, fortelling, musikk, bilder, dans mm. I kursustimene er undervisningen faglig. Innholdet kan godt ha forbindelse med temaet, men hovedvekten blir lagt på fagenes teknikker og metoder. Eg syns det virket som ein fin lærestil, kor elevane kan være kreative og de får god kontakt med læreren sin.

Når alle hadde framført gjekk me igjennom korleis ein lærar skal leie basisgruppa på læringsarenaen. Vi er jo i ein heilt annan generasjon no enn når foreldra våre gjekk på skule, no er skulen blitt mykje meir teknisk av seg. Me er E-generasjonen. Sjølv om det er lettare no når me har internett, så er det nok longt ifrå berre positivt. Elevane sitt på msn og skriv sms, noko som gjer at me skriv mykje dårligare enn før. Når me skriv tekstmeldingar, skriv me ikkje på reint bokmål eller nynorsk. Me skriv på dialekt. Dette gjer at språket våras blir elendigt etterkvart.

- Har arkitekturen noko å sei om kor godt me lærar? Ja, eg trur faktisk me lærar betre med god arkitektur. Det har jo mykje å sei på korleis klasserommet er konstruert. Er det mørkt eller lyst? stort eller lite? mykje vinduar eller nesten ingen i det heile tatt? Det er viktig med eit godt miljø for eleven, med mykje lys og god plass.

Til slutt så vi ein film om mobbing. Den handla om ein gut som blei utsatt for mobbing på skulen sin. Han hadde berre blitt eit tilfeldig offer og mobbingen var brutal. Rektoren på skulen var ikkje til mykje hjelp, så det endte med at han måtte bytte skule. På den nye skulen fekk han månge nye venner og fikk oppleva skulemiljøet slik alle born skal ha det. Det var ein liten tankevekker å sjå på filmen, det er faktisk nokon born som har det slik. Og det er noko me må prøva å gjera noko med, sjølv om det sikkert er nesten heilt umuleg å forhindra mobbing 100%. Men det er viktig som ein lærar at ein følger godt med på klassen sin, for det er sikkert mykje skjult mobbing rundt om på Norges skuler.

Tankar etter praksis

Me hadde praksis på skåredalen skule i uke 38.

måndag møtte me rektor kl 08.30 i pauserommet for lærarar. Me hadde eit fellesmøte og fikk informasjon. Så gjekk me ein tur rundt på skulen for å bli meir kjent med skuleområdet og alle dei forskjellige klasseromma. Skulen bruker mykje IKT, og har satt seg godt inn i classfronter.
Så fekk vi møte klassen våras, klasse 7A. Det var 21 elevar; 13 gutar og 8 jenter. Det verka som me hadde komen i ein veldig kjekk klasse, der elevane likte læraren sin og hadde respekt for han. Læraren deira, Petter, tok oss ut på gangen for å snakke litt med oss om klassen. Då me kom inn igjen satt nesten alle og jobba for seg sjølv, utan mykje bråk. Det blei eg positivt overraska over, når eg tenkjer tilbake til når eg gjekk i 7nde klasse så var det ikkje SÅ stille i klassen når læraren forlot klasserommet. I matematikk, norsk og samfunnsfag har dei arbeidsprogram der dei kan gjera kva dei vil, så lenge alt på programmet blir gjort i løpet av uka. Denne uka skal bl.a. gangesertifikatet bli tatt. Eg tok tida på ein av elevane og blei veldig imponert, det var 100 spørsmål og eleven tok testen på 2min og 50sek, alt var rett. Eg fekk høyra etterpå av læraren at dette var ein veldig flink elev, han kunne alle hovudstadane i Afrika når han gjekk i 5 klasse, så det seier jo litt. Etterpå hadde me gym ein time med slåball. Me var ferdig klokka 2. Så satt me oss ned begge 7nde klassegruppene med praksislærarane våras og snakka om korleis dagen hadde gått.

tysdag hadde me kunst og handverk i dei to første timane. Elevane hadde ein oppgåve der dei skulle teikna ein planteikning av eit hus. Alle måla måtte stemma sidan dei etterpå skulle skjære ut teikningane å laga hus av dei. Nokon elevar jobbar godt, mens andre er meir opptatt av andre ting. Mange treng hjelp frå læraren og rekk opp handa, får dei ikkje hjelp med ein gong så prøver dei ikkje sjølv, men ventar heilt til dei får hjelp. Ein av elevane bruker linjalen til å skyte visk og knekker til slutt linjalen. Han blir snakka til av læraren, men fortsett å skyte visk når læraren snur seg. Ho må snakka to gonger til han for at han skal gi seg.
Det er tredje time og KRL. Timen byrjar med høytlesning frå kristendomsboka. Elevane får lesa eit avsnitt kvar. Det er forholdsvis stille i klasserommet, men merker likevel at alle ikkje følgjar heilt med for når det er deira tur til å lesa, veit dei ikkje heilt kvar dei er i teksta. Det er kanskje ikkje så enkelt å konsentrera seg for i klasserommet på sida av er det synging, og det høres veldig godt. Når dei er ferdig å lesa skal dei gjera oppgåver frå det dei har gått igjennom.
Siste time og det er norsk, men dei held på med arbeidsprogrammet. Dei fleste gjør matteoppgåver eller gangesertifikatet, mens nokon få held på å lesa eller skrive historie i norsken. Alle sit å gjer lekser relativt stille og roleg, det er ikkje mykje bråk i klasserommet. Elevane er veldig opptatt av gangesertifikatet, kor fort dei klarar å ta den og kor mange feil dei har.

Onsdag var me ikkje på skåredalen skule, men på HSH for å snakka om korleis det har gått dei to dagane me har vore i praksis.

Torsdag
Første time er det naturfag, dei har lesetime til kl 09.00. Etterpå er det høytlesning, og de hentar bøker frå hyllene. Elevane får i oppgåve å finne ut meir om eit krepsdyr, då får de ta dei bærbare dataene til hjelp. Skulen har tre traller med 16 laptoper i kvar. Elevane skynder seg fram for å finna kvar sin data. Det er nok litt vanskeleg å finna ein god internettside med masse informasjon om krepsdyr. Men eg merkar at dei syns det er interessant og kjekt å få lov til å holda på med dataen. Dei fleste skriver om krabber i ulike variantar. Dei skal også enten teikna eller printa ut eit bilete av dyret dei skriv om.
3time, engelsk. Timen byrjar med glosetest. Læraren seier først ordet på norsk til klassen, så skriver han det på tavla. Dei finner fram engelskbøkene sine og skal gå igjennom leksa til i dag. Elevane lagar spørsmål med ”to do” i fortid. Dei les det høgt opp for læraren og resten av klassen. Så byrjar dei på ein ny tekst. Dei får først høyra teksten på cd mens dei føler meg i boka og stryker under ord dei ikkje forstår. Dei skal lesa teksten neste gong dei har engelsk.
I mattetimen vil dei fleste ta gangesertifikatet, sidan alle må ha tatt den i løpet av uka. Nokon av elevane er veldig opptatt av kor fort dei klarar å ta den, og tar testen fleire gonger for å slå tida si, sjølv om dei har klart alt rett på dei andre prøvane. Veldig konkurranseinstinkt mellom nokon elevar. I 5 time har dei KRL med Elisabeth, som er læraren for den andre 7nde klassen. Dei bestemmer seg for å helda på med arbeidsprogrammet slik at alle får ein sjanse til å bli ferdig.

Fredag og det er siste dag i praksis for denne gang. Me møtar på skulen kvart på ni og tar bussen klokka ni frå skåredalen skule. Me skal på forskingsmesse med klassen på Karmsund vgs. Det verka som elevane hadde det veldig kjekt og sprang rundt på dei ulike standane.

Litt om klasserommet :
Pultane er plassert slik at alle er vendt mot tavla. Dei sit to og to, tre og tre, fire og fire. Læraren har plassert elevane slik at klassemiljøet fungerar best muleg. Han setter dei som er litt bråkete samen med dei som er litt meir stille. Tavla er relativ liten, og på sida av tavla er oppslagstavla der arbeidsprogrammet og leksene henger.

Konklusjon :
Det var ein kjekk og spanande veka, me fekk bli litt kjent med klassen og opplegget deira. Eg gledar meg til neste praksisperiode der me får gå litt meir innpå lærarens rolle og ikkje berre observera. Det skal bli utfordrande og kjekt å undervise timar sjølv!

Observasjon

Den 10 september gjekk pedagogikk timane ut på observasjon. Vi lerte at det å observera går ut på at du på best muleg måte skal skildra det du ser, ikkje kva du trur du ser eller kva du vil sjå. Det er altså ikkje så enkelt som det kan høras ut dette med å observera, det er enkelt å feiltolka. Det finnes mange forskjellige observasjonesmetodar, intervju, loggbok, dagbok, deltakande observatør (då går du inn i situasjonen sjølv som ein aktiv deltakar) og sosiogram er nokon eksemplar. Når vi no skal ut i praksis å observera ungane kan vi bl.a ta utganspunkt i kva dei fortel til oss, kva kler dei har på seg, kva dei likar og kva dei snakkas om. Vi kan også observera korleis klasserommet ser ut, korleis uteområdet er, kva reglar dei har og korleis faga blir gjennomført. Det er også viktig å fokusera på det generelle, ikkje det spesielle!

Vi fekk så ei lita utfordring der vi skulle sette oss eit sted på skulens område og observera. Eg sat meg i kantina samen med praksisgruppa mi, vi sat oss heilt inn til veggen slik at vi hadde god oversikt over alt som føregjekk i kantina. Det var ikkje så enkelt i byrjinga, eg blanda litt med å observera og å tolka, men det blei enklare etterkvart. Eg lerte meg mykje nyttigt i desse timane, det var nok veldig viktig å gå igjennom alt dette før vi gjekk ut i praksis.

læraren sitt mandat og mange oppgåver

Onsdag 5.september hadde me undervisning om læraren sitt mandat og mange oppgåver.

Det er viktig å veta dei forskjellige oppgåvene ein lærar skal ha, og korleis ein skal oppføra seg når ein gjer desse oppgåvene. Eit mandat er det same som eit oppdrag.

Me blei kjent med ein norsk forfattar og lektor, Inge Eidsvåg. Han meiner at det å vere lærar er noko av det viktigaste i eit samfunn. Det er jo vi som utdannar folk, utan lærarar hadde ikkje samfunnet fungert på same måte, og verda hadde vore ganske annleis. Eidsvåg har lagt ti bod for lærarar, eg nemner tre av dei her :
* du skal kunna og vere glad i faga dine
dvs. at når du underviser så kan eleven sjå at du verkelig VIL undervise i dette faget, at dette er noko du sjølv tykkjer er kjekt og spanande. Det er jo veldig viktig for at eleven sjølv skal kunne, og ha lyst til å lære det. Det trur eg dei aller fleste vil vere enige i, det er mykje enklare å hugsa ein time når læraren har vore engasjert enn når han ikkje har vore det. Det er jo sjølvklart også veldig viktig å KUNNA det du underviser i.
* du skal vere glad i elevane dine
dette meiner eg er ein veldig viktig del av det å vere lærar. Du skal ver glad i ALLE elevane dine på same måte, det er viktig å ikkje forskjellsbehandla. Sjølv om du som lærar kanskje ikkje merker det sjølv, så merker elevane det garantert.
* du skal ofte ha me deg noko nytt
Eg meiner det er mykje kjekkare og lettare å læra når undervisninga ikkje alltid er den same. Dvs. at undervisninga blir lagt opp på forskjellige måtar, med litt variasjon, slik at eleven og læraren ikkje kjem inn i ein ”ond” sirkel der undervisninga blir lagt opp på same måte kvar einaste gong. Det blir veldig fort kjedelig for eleven, og sikkert for læraren og.

Me gjekk også innpå opplæringslova i desse timane. Der står det bl.a. at :
- det er foreldra som har hovudansvaret for oppdraginga av eleven, mens vi som lærarar hjelper til. Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten
- Det er opplæringsplikt i Noreg, men ikkje skuleplikt. Det er altså nokre elevar som får heimeundervisning viss det er det som passar best for begge partar. Det er også nokre få prosent som går på privatskule.

Me gjekk også igjennom dei 5 grunnleggjande kompetansane som skal liggja til grunn for all opplæring i skulen, uansett fag eller nivå. Desse syns eg var veldig viktig å få med seg:
- å kunna uttrykkja seg munnleg
- å kunna lesa
- å kunna uttrykkja seg skriftleg
- å kunna rekna
- å kunna bruka digitale verktøy

Eg trur at den største utfordringa ein lærar har er å kunne formidle det han skal undervise i på ein god og kjekk måte. At han klarer å undervise slik at eleven tykkjer timen har vore spanande og interessant. At eleven klarar å hugsa det han har lært. Det er nok ikkje like lett heile tida, men det er slik det er å vere lærar, man må ta utfordringane på strak arm!
Det er veldig viktig at læraren har førebudd seg godt til timane han skal ha, at det er lagt ein plan for dagen, eller veka. Det er ikkje nødvendigvis viktig å følga denna planen heilt nøyaktig, men det er viktig slik at læraren veit kva tema som må tas opp. Det er også viktig at læraren tar hensyn til læreplanane (LK06) og skulen sin eigen læreplan.