Onsdag 5.september hadde me undervisning om læraren sitt mandat og mange oppgåver.
Det er viktig å veta dei forskjellige oppgåvene ein lærar skal ha, og korleis ein skal oppføra seg når ein gjer desse oppgåvene. Eit mandat er det same som eit oppdrag.
Me blei kjent med ein norsk forfattar og lektor, Inge Eidsvåg. Han meiner at det å vere lærar er noko av det viktigaste i eit samfunn. Det er jo vi som utdannar folk, utan lærarar hadde ikkje samfunnet fungert på same måte, og verda hadde vore ganske annleis. Eidsvåg har lagt ti bod for lærarar, eg nemner tre av dei her :
* du skal kunna og vere glad i faga dine
dvs. at når du underviser så kan eleven sjå at du verkelig VIL undervise i dette faget, at dette er noko du sjølv tykkjer er kjekt og spanande. Det er jo veldig viktig for at eleven sjølv skal kunne, og ha lyst til å lære det. Det trur eg dei aller fleste vil vere enige i, det er mykje enklare å hugsa ein time når læraren har vore engasjert enn når han ikkje har vore det. Det er jo sjølvklart også veldig viktig å KUNNA det du underviser i.
* du skal vere glad i elevane dine
dette meiner eg er ein veldig viktig del av det å vere lærar. Du skal ver glad i ALLE elevane dine på same måte, det er viktig å ikkje forskjellsbehandla. Sjølv om du som lærar kanskje ikkje merker det sjølv, så merker elevane det garantert.
* du skal ofte ha me deg noko nytt
Eg meiner det er mykje kjekkare og lettare å læra når undervisninga ikkje alltid er den same. Dvs. at undervisninga blir lagt opp på forskjellige måtar, med litt variasjon, slik at eleven og læraren ikkje kjem inn i ein ”ond” sirkel der undervisninga blir lagt opp på same måte kvar einaste gong. Det blir veldig fort kjedelig for eleven, og sikkert for læraren og.
Me gjekk også innpå opplæringslova i desse timane. Der står det bl.a. at :
- det er foreldra som har hovudansvaret for oppdraginga av eleven, mens vi som lærarar hjelper til. Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten
- Det er opplæringsplikt i Noreg, men ikkje skuleplikt. Det er altså nokre elevar som får heimeundervisning viss det er det som passar best for begge partar. Det er også nokre få prosent som går på privatskule.
Me gjekk også igjennom dei 5 grunnleggjande kompetansane som skal liggja til grunn for all opplæring i skulen, uansett fag eller nivå. Desse syns eg var veldig viktig å få med seg:
- å kunna uttrykkja seg munnleg
- å kunna lesa
- å kunna uttrykkja seg skriftleg
- å kunna rekna
- å kunna bruka digitale verktøy
Eg trur at den største utfordringa ein lærar har er å kunne formidle det han skal undervise i på ein god og kjekk måte. At han klarer å undervise slik at eleven tykkjer timen har vore spanande og interessant. At eleven klarar å hugsa det han har lært. Det er nok ikkje like lett heile tida, men det er slik det er å vere lærar, man må ta utfordringane på strak arm!
Det er veldig viktig at læraren har førebudd seg godt til timane han skal ha, at det er lagt ein plan for dagen, eller veka. Det er ikkje nødvendigvis viktig å følga denna planen heilt nøyaktig, men det er viktig slik at læraren veit kva tema som må tas opp. Det er også viktig at læraren tar hensyn til læreplanane (LK06) og skulen sin eigen læreplan.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar