Den 10 september gjekk pedagogikk timane ut på observasjon. Vi lerte at det å observera går ut på at du på best muleg måte skal skildra det du ser, ikkje kva du trur du ser eller kva du vil sjå. Det er altså ikkje så enkelt som det kan høras ut dette med å observera, det er enkelt å feiltolka. Det finnes mange forskjellige observasjonesmetodar, intervju, loggbok, dagbok, deltakande observatør (då går du inn i situasjonen sjølv som ein aktiv deltakar) og sosiogram er nokon eksemplar. Når vi no skal ut i praksis å observera ungane kan vi bl.a ta utganspunkt i kva dei fortel til oss, kva kler dei har på seg, kva dei likar og kva dei snakkas om. Vi kan også observera korleis klasserommet ser ut, korleis uteområdet er, kva reglar dei har og korleis faga blir gjennomført. Det er også viktig å fokusera på det generelle, ikkje det spesielle!
Vi fekk så ei lita utfordring der vi skulle sette oss eit sted på skulens område og observera. Eg sat meg i kantina samen med praksisgruppa mi, vi sat oss heilt inn til veggen slik at vi hadde god oversikt over alt som føregjekk i kantina. Det var ikkje så enkelt i byrjinga, eg blanda litt med å observera og å tolka, men det blei enklare etterkvart. Eg lerte meg mykje nyttigt i desse timane, det var nok veldig viktig å gå igjennom alt dette før vi gjekk ut i praksis.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar