Animasjon og bilethandsaming

Eg fekk ikkje med meg denne økta sidan eg var på tur til USA då. Men det verka som nokon spanande og kjekke timar! Eg har vore innpå fronter og sett på det som Birgit har lagt ut om kva dykk gjekk igjennom desse timane. Det var interessant å lesa historien om IKT og korleis man lagar eit digitalt bilete. Eg har i etterkant sett på alle dei flotte plakatane som blei laga, nokon av dei heng i klasserommet vårt. Ynskjer eg kunne ha vore med denne økta, men alle lenkane som er lagt ut i høve til denne økta har vore til hjelp :)

praksis - refleksjon etter uke 46-47

me byrja dagen med matematikk der både eg, Ina og Camilla underviste. Me delte klassen inn i grupper der kvar gruppe jobbar på forskjellige stasjonar. Sidan me berre er tre praksislærarar delte vi klassen inn i tre grupper på 7 elevar. Eg tok for meg Plump-spillet, Ina hadde eit memory spill og Camilla hadde cuisenairesstaver. Eg syns elevane jobba godt og dei var veldig interessert i Plump. Sjølv dei av elevane som opprinnelig slit i matematikkfaget fekk utfolda seg og visa kva dei kunne. Resten av veka hadde eg samfunnsfag to timar og norsk åleine, som eg syns gikk veldig bra. Det er ein enorm lett og samarbeidsvillig klasse me har komen i! Eg hadde også norsk og gym saman med andre på praksisgruppa. Elevane var også på besøk i haugesunds avis denne veka, noko eg trur dei syns var veldig kjekt. Det triste var jo at dei ikkje fekk bilete i avisa, men dei fekk lov å sjå i studioet til radio 102, som nok var litt stas! Den andre veka hadde eg ein norsk time, matematikk og samfunnsfagtime aleine. Eg hadde også naturfag saman med andre på praksisgruppa. 

Alt i alt synes eg at praksisvekene gjekk veldig bra. Eg hadde som mål å bli betre kjent med elevane og å bli trygg på å stå foran ein klasse. Dette meiner eg at eg er blitt flinkare til, men det må nok mykje meir arbeid, prøving og feiling til! Men klassen er veldig flinke til å jobbe og å høre etter. Det blir jo sjølvsagt litt bråk av og til, men dei fleste av elevane skjerpar seg med ein gong dei får tilsnakk. Så eg er fornøyd med praksisvekene og eg er veldig fornøyd med elevane:) 

undervisningsplanlegging - kva ein lærar må tenkja gjennom

Det er veldig viktig at ein lærar tenkjer gjennom kva og korleis han/hun skal undervise på best mogleg måte for elevane. Me gjekk igjennom ti teser for god undervisning som eg har satt meg meir inn i:

1. tydeleg struktur på undervisninga og læreprosessen.
denne tesen har fokus på mål, innhold og prosess i undervisninga. Læraren skal snakke forståeligt og elevane skal ha god greie på kva oppgåva handlar om. Læraren skal vere godt forberedt og anvende eit tydeleg kroppsspråk.
2. effektiv utnytting av læretida
elevane er aktive og lar seg ikkje avspore av andre ting. Læraren skal ikkje vandre omkring og forstyrre elevane når dei jobbar.
3. samanheng mellom mål, innhald og metodeval
læringsmålane som læraren har formulert skal elevane gjør til sine eigne. Det skal vere god timing i undervisninga, slik at når timen er slutt så er den verkelig slutt og ikkje komme som eit "brudd".
4. mangfold av metodar og organiseringsformar
undervisninga blir lagt opp med forskjellige arbeidsformer, slik som i grupper, enkeltvis eller par. Elevane skal sjølv konstruera læringsformane.
5. innøving av ferdigheiter mentalt og fysisk
undervisninga handlar om å innøve ferdigheiter. Pugging
 og pugging til ferdigheitene nesten er automatisert. Puggingen skal tidvis skje på forskjellige tidspunkt på dagen. 
6. lærarens individuelle støtte til den enkelte elev
elevane får fagligt stoff som tilsvarer deiras eige nivå slik at dei kan utfolda seg best mogleg.
7. eit undervisningsklima som fremmar læring
det skal vere god relasjon mellom elev og lærar, og elev mot elev. Det skal vere rettferdighet, høflighet og respekt. 
8. meningsskapende språk i undervisninga
elevane kan med eigne ord fortelle og forklara om stoffet dei har lært. Dei skal stilla kritiske spørsmål og huske tilbake til tidligare temaer og
 forbinde dette med det nye stoffet. 
9. tilbakemelding frå elevane omkring læreprosessens form og innhald
læraren tydeliggjør kva informasjon ho anvender til å gjøre undervisninga betre. Lærar og elev er felles om dei val av kriterier som skal vere gjeldene for vurderinga. 
10. avklaring av krav og vurderingskriterier til elevens prestasjonar
klare, tydelige, faglige og sosiale forventningar til elevane. Den enkelte elev skal ha innsikt i sitt eige stndpunkt - både fagligt og med hensyn til innsikt i eiga læringsprosess.





Vidare så lærte me meir om didaktikk som betyr å lære eller undervise. Man må tenkje gjennom orda  Kva? Kvifor? Korleis? når du skal undervisa. Kva går ut på innhaldet, Kvifor er det pedagogiska ståstedet og Korleis er måten undervisninga tilrettelegges. Det er viktig å ha alt klart før ein undervisningsøkt. Difor er det også relevant å fylle ut eit diamantskjema der du skriv ned mål, elevforventningar, innhald osv..

oppsummering av læringsteoriane

29.10.07 gjennomgikk me de forskjellige læringsteoriane og metodane. Eg syns det er veldig fint at me går igjennom det såpass mange gonger for det er utruleg mykje fagstoff å sette seg inn i. Det finst mange læringsteoriar og det er ikkje like enkelt å klare og skille desse frå kvandre heile tida. Det er enkelt å bli litt forvirret. Eg har her skreve litt om behaviorismen og kognitivismen som er to ganske forskjellige læringsmetodar.

Behaviorismen :
Meiner at fri vilje ikkje finst, men at genene og miljøet påverkar oss. For ein behaviorist er det viktig at inga åtferd kan skje utan ein påverknad. Det er grunnlaget for samanhengen mellom stimulus og respons som kanskje behaviorismen er mest kjent for. Dei meinar at alle kan lera alt med rikitg stimulering. Teorien går mykje ut på å analysera elevane og å gi positiv tilbakemelding, dvs belønning når elevane fortjen det.
Eg syns behaviorismen verkar som ein veldig god måte å lære på. Elevane bli meir engasjert når dei veit at de kan få belønning etter at dei har jobba godt eller oppført seg godt. Dette ser eg også når eg er ute i praksis. Elevane får ein stjerne viss dei har klart å jobba godt og vore snille heile dagen. Men det er heile klassen så får stjerne så alle må vere med på det. Når dei har fått et x antall stjerner får dei ein belønning av læraren. Dette ser ut til å fungere bra i klassen, så langt. 

Kognitivismen/kognitiv læringsteori :
Denne læringsteorien står i motsvar til behaviorismen som seier at sann vitenskap berre kan halde seg til det som kan observeras, tellas og målast. Kognitiv står for det som har med dei intellektuelle funksjonane å gjør, og er opptatt av indre, høyere mentale prosesser. Det som dei kognitive læringsteorien sett høyast at elevene skal lære er å planlegge, forstå språk, løse problemer og å resonnere seg fram. Teorien meiner me lærar best individuelt, og det er stort fokus på det som skjer inne i hovudet på eit barn som lærar seg noko nytt. 






Måndag 22 oktober skulle alle oppgåvene framføras med ein tidsfrist på 15 min på kvar gruppe. Dette såg eg fram til å bli ein kjekk time der me blei undervist av våre eige klasskameratar. Det var kjekt å sjå kor kreativ og forskjellige alle gruppene var, me tenkjer alle ulikt! Men når det var våras tur å framføre viste det seg at filmen ikkje ville virke. Me kunne ikkje framføra uten filmen så difor måtte me vente til neste veke med å vise fram undervisningsopplegget våras! Man kan ikkje alltid stola på teknologien.Men eg syns det var spanande å sjå kva dei andre gruppane viste, og det var veldig lærerikt!


Det finnes ulike oppfatningar av kva læring er. I følgje Imsen kan me av ein undersøkning gjort på 70-tallet av 90 unge og vaksne, systematisere svarene i fem ulike oppfatningar av læring (Imsen 2006:165).

- Læring som økning i kunnskap. Det vil seie at det læras noko nytt, ein såkalla ”flaskepåfylling”.

- Læring som gjenkalling av informasjon (memorering). Kunnskap er etter denne oppfatninga noko man lagrar i hovudet og kan reproduseras når ein har bruk for det. For eksempel det å svara på spørsmål frå læraren.

- Læring som tilegnelse av fakta, framgangsmåtar med meir som kan bevaras og/eller brukas i praksis. Kunnskap læres fordi den er nyttig. Det som er nyttig, er verd å lære, i motsetning til rutinemessig pugging og terping. Eit vikteg poeng her er at kunnskapen skal kunne brukas utanfor den noko snevre samenhengen i klasserommet. Det skal være læring for livet, ikkje for den nærmast føreståande eksamen.

- Læring som abstraksjon av meining. Her møtar vi tanken om at det som skal læras, ikkje er rein ”avfotografering” eller reproduksjon av ”ytre” kunnskap. Gjennom læringsprosessen skjer det en omforming av informasjonen ved at vi trekker ut (abstraherer) selve meiningen.

- Læring som ein tolkingsprosess med sikte på forståelse av virkeligheten. Denne oppfatninga av læring har mykje til felles med punkt fire, men understrekar i tillegg at det du lærer, skal hjelpe deg til å tolke virkeligheita rundt deg. I likskap med punkt tre skal også kunnskapen kunne brukast til noko. Læring betraktas som ein funksjonell prosess for personen i kvardagen.


Pedagogisk grunnsyn

Måndag 8 oktober fekk me presentert ein oppgåve der me skulle jera oss kjende med dei ulike læringsteoriane samt nokon teoretikarar. Denne oppgåva skulle me gjera i samarbeid med praksisgruppa. Det me skulle få frem var å vise korleis me meiner born lerar best, korleis tilrettelegge undervisninga på best mogleg måte, og korleis me vil motivera born til å lære. Me fant fort ut at dette var mykje å setta seg inn i, born er jo forskjellige og lærar difor best på forskjellige måtar. Men me skulle då komme fram til den teorien me meinte var aller best i ein undervisning. Me kunne velgje fritt for korleis me ville framføre det, og då bestemte me ganske fort at me ville laga ein film. Men aller fysst var det veldig mykje pensumstoff å lese og å sette seg inn i. Det letteste var å dele det opp i ulike delar slik at alle ikkje måte lesa alt. Slik at vi da etterpå kunne fortelle og forklare dei andre om det vi sjølv hadde lest og lært. Me avtalte faste dager å møtes på slik at ingen la andre planer.
Me valgte å ta utgangspunkt i Dunn og Dunns læringsstilmodell. Me har satt det litt på spissen ved å filmatisera ein vanleg skuletime kor me viser korleis man kan tilpasse ein aktivitet etter kvar enkelt elevs behov.


Rita og Kenneth Dunn er to forskere fra St. John’s University i New York, og dei har forsket omkring begrepet lærestil. Dei har utvikla ein modell, ”The Dunn & Dunn Learning Styles Model”, og denne lærestilen inneheld miljømessige, følelsesmessige, sosiologiske, fysiologiske og psykologiske faktorar eller stimuli, som verkar inn på korleis elevane lærar nye og vanskelege ting.

Teorien til Dunn og Dunns læringsstilsmodell kan oppsummeras i fem teoretiske grunnantagelse:
- Dei fleiste individer kan lære.
- Ulike typar læringsmiljø, materiell og oppgåver responderar til ulike sansepreferanser.
- Alle har sterke sider, men ulike menneske har svært forskjellige sterke sider.
- De forskjellige elevane foretrekker ulike undervisningsmåtar som kan målast med høg grad av reliabilitet.
- Når det responderes i forhold til kva enkelt elevs preferanser med hensyn til læringsmiljø, materiell og oppgåver, oppnår elevane statistisk høgare resultater, og dei skårer meir posistivt på holdningsundersøkelsar.


Tilhengare av læringsstilmodellen meiner at motivasjon til elevane øker når opplæringa er tilpassa læringsstilen deira, og når dei får den grad av ansvar og struktur de føretrekk i læringsarbeidet.
Me har prøvd å få frem at det er viktig å stimulere elevene best mogleg, utan at det går utover nokon av dei andre elevane i klassen. Eleven som eg spiller i filmen, er taktil. Dvs at dei lærar best med å delta i konkrete og praktiske aktivitetar som engasjerer dem. Elevar som har behov for å bruke hendene når dei skal lære nytt og vanskeleg stoff treng ofte materiell som må utviklas spesielt for kvart enkelt tema det blir jobba med.