oppsummering av læringsteoriane

29.10.07 gjennomgikk me de forskjellige læringsteoriane og metodane. Eg syns det er veldig fint at me går igjennom det såpass mange gonger for det er utruleg mykje fagstoff å sette seg inn i. Det finst mange læringsteoriar og det er ikkje like enkelt å klare og skille desse frå kvandre heile tida. Det er enkelt å bli litt forvirret. Eg har her skreve litt om behaviorismen og kognitivismen som er to ganske forskjellige læringsmetodar.

Behaviorismen :
Meiner at fri vilje ikkje finst, men at genene og miljøet påverkar oss. For ein behaviorist er det viktig at inga åtferd kan skje utan ein påverknad. Det er grunnlaget for samanhengen mellom stimulus og respons som kanskje behaviorismen er mest kjent for. Dei meinar at alle kan lera alt med rikitg stimulering. Teorien går mykje ut på å analysera elevane og å gi positiv tilbakemelding, dvs belønning når elevane fortjen det.
Eg syns behaviorismen verkar som ein veldig god måte å lære på. Elevane bli meir engasjert når dei veit at de kan få belønning etter at dei har jobba godt eller oppført seg godt. Dette ser eg også når eg er ute i praksis. Elevane får ein stjerne viss dei har klart å jobba godt og vore snille heile dagen. Men det er heile klassen så får stjerne så alle må vere med på det. Når dei har fått et x antall stjerner får dei ein belønning av læraren. Dette ser ut til å fungere bra i klassen, så langt. 

Kognitivismen/kognitiv læringsteori :
Denne læringsteorien står i motsvar til behaviorismen som seier at sann vitenskap berre kan halde seg til det som kan observeras, tellas og målast. Kognitiv står for det som har med dei intellektuelle funksjonane å gjør, og er opptatt av indre, høyere mentale prosesser. Det som dei kognitive læringsteorien sett høyast at elevene skal lære er å planlegge, forstå språk, løse problemer og å resonnere seg fram. Teorien meiner me lærar best individuelt, og det er stort fokus på det som skjer inne i hovudet på eit barn som lærar seg noko nytt. 




Ingen kommentarer: