Me valgte å ta utgangspunkt i Dunn og Dunns læringsstilmodell. Me har satt det litt på spissen ved å filmatisera ein vanleg skuletime kor me viser korleis man kan tilpasse ein aktivitet etter kvar enkelt elevs behov.

Rita og Kenneth Dunn er to forskere fra St. John’s University i New York, og dei har forsket omkring begrepet lærestil. Dei har utvikla ein modell, ”The Dunn & Dunn Learning Styles Model”, og denne lærestilen inneheld miljømessige, følelsesmessige, sosiologiske, fysiologiske og psykologiske faktorar eller stimuli, som verkar inn på korleis elevane lærar nye og vanskelege ting.
Teorien til Dunn og Dunns læringsstilsmodell kan oppsummeras i fem teoretiske grunnantagelse:
- Dei fleiste individer kan lære.
- Ulike typar læringsmiljø, materiell og oppgåver responderar til ulike sansepreferanser.
- Alle har sterke sider, men ulike menneske har svært forskjellige sterke sider.
- De forskjellige elevane foretrekker ulike undervisningsmåtar som kan målast med høg grad av reliabilitet.
- Når det responderes i forhold til kva enkelt elevs preferanser med hensyn til læringsmiljø, materiell og oppgåver, oppnår elevane statistisk høgare resultater, og dei skårer meir posistivt på holdningsundersøkelsar.
Tilhengare av læringsstilmodellen meiner at motivasjon til elevane øker når opplæringa er tilpassa læringsstilen deira, og når dei får den grad av ansvar og struktur de føretrekk i læringsarbeidet.
Me har prøvd å få frem at det er viktig å stimulere elevene best mogleg, utan at det går utover nokon av dei andre elevane i klassen. Eleven som eg spiller i filmen, er taktil. Dvs at dei lærar best med å delta i konkrete og praktiske aktivitetar som engasjerer dem. Elevar som har behov for å bruke hendene når dei skal lære nytt og vanskeleg stoff treng ofte materiell som må utviklas spesielt for kvart enkelt tema det blir jobba med.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar