Ein lærar eg hugsar godt!

Det var sommaren før eg skulle begynna på skulen for fysste gong, eg grua og gleda meg på same tid. Ein av sommardagane fekk eg eit brev i posten, det var frå frøken vår. Ho skreiv at ho gleda seg til å treffa meg å bli kjent med meg, og at eg ikkje trengte å uroa meg for fysste skuledag. Det var eit veldig fint brev no når eg ser på det i etterkant, ho tok seg tid til å skriva litt forskjellig til alle dei nye elevane hennar, og eg trur alle gleda seg ekstra mykje til fysste skuledag etter å ha lest brevet.

Eg hugsar når eg gjekk inn i klasserommet våras for aller fysste gong, det lyste opp med fargerike bokstavar og teikningar på tavla som ynskte oss velkommen. Frøken tok seg tid til å snakka skikkelig med alle elevar og foreldre før vi fekk vår eiga pult som var utstyrt med teikneark og teiknestiftar. Ho var den yngste læraren på skulen, og sjalusien spreidde seg fort frå parallellklassane våras, alle hadde lyst på lærar Anne! Ho gjorde det kjekt å vera på skulen og fekk oss alltid med på nye, spanande ting. Eg hugsar godt når eg hadde skada med etter ein litt heftig lek, så blei Anne med meg til legen og satt å haldt meg i handa mens eg fekk sydd igjen kneet mitt. Det som var så bra med Anne var at vi aldri grua oss til ein einaste time, ho behandla alle likeverdig og med forståelse for dei i klassen som ikkje hadde det like lett. Ho brydde seg verkeleg om kvar enkelt av oss, og det er nok denne eigenskapen hennar som gjer at eg hugsar ho så godt.

Diverre fekk vi ikkje ha ho alle åra på barneskulen, sidan ho blei gravid. Det var ikkje lett for den stakkars læraren som skulle erstatte frøken våras nei. Når vi var ferdig med barneskulen fekk vi med oss ein vidare plan som vi skulle ta med oss i livet, eg har tatt vare på den og legger ut eit bilete av den her. Ho kom også å besøkte oss på ungdomsskulen nokre gonger for å sjå korleis det gjekk med oss. Eg trur det er Anne som har påverka meg litt at eg no går på lærarutdanninga, det er ei slik lærar som ho eg har lyst å bli.

Kommunikasjon og miming!

Idag hadde vi undervisning om teamarbeid, korleis vi oppførar oss med ulike personar. Vi må leggje om korleis både talemåten og kroppsspråket våras blir brukt avhengig av kva slags personar vi snakkar med. Vi snakkar til dømes ikkje likt med ungar på barnetrinnet som vi gjer med avgangselevar på videregående. Vi må sjå ann publikummet våras! Det var også ein liten tankjevekkar at heile 70% av kommunikasjonen føregår gjennom kroppsspråk, vi må altså vera veldig forsiktige med korleis vi oppførar oss slik at ingen tolkar oss på feil måte. Det teller nemleg ikkje like mykje kva vi seier, men korleis vi seier det! Det verbalet språket teller nemleg berre 30% av kommunikasjonsprosessen.

Vi har også mange personar å ta hensyn til når vi er lærarar, mange samarbeidspartnarar. Vi må samarbeida med rektor, andre lærarar, helsesyster.. ja alle tilsette på ein skule! Men vi må også samarbeida med føresatte og elevar, barnevernet og pedagogisk psykologisk teneste, for å nevna nokon. Eg tykkjer det var to lærerike timar der vi fekk ein god undervisning i å kommunisere!



Andre økt av pedagogikken starta med at vi fekk sjå ein film om kroppen, korleis vi oppførar oss saman med andre personar, kva som er "rett og galt". Det var ein spanandes film. Etterpå byrja vi med miming, det var både moro og utfordrandes, ikkje alltid lika lett! Vi brukte berre kroppsspråket våras til å fortelje dei andre i klassen kva vi skulle fram til.
Det var nokon morosame timar :)

Kvifor bli lærar? Kvifor HSH?



KVIFOR LÆRAR?
Ja, kvifor har nett eg bestemd meg for å bli lærar? Eg hadde eit stort ynske om å bli frisør når eg var lita, stakkar barbiedokkane mine fikk gjennomgå stort. Men eg slo det raskt frå meg når eg byrja på ungd.skulen, då ville eg bli reiseledar! Det verka jo som ein drøm å kunne reisa omkring i verda, og få betalt for det til og med! Men eg fant fort ut at eit fly ikkje var drømmearbeidsplassen min. Så bar det vidare til gymnaset, då fant eg ut at lærar, det var noko eg kunne tenkje meg. Eg har nok alltid hatt det i bakhovudet sia eg gjekk på barneskulen, då hadde vi ei så kjekk lærar at det er nok ho som har påvirka meg i valet.

Så får vi no se om eg bestem meg for å bli barneskule-lærar, eller formgivningslærar på gymnaset. Det er no bra eg slepp å bestem meg for det nett no!

KVIFOR HSH?

Eg har høyrd mykje positivt om både skulen HSH og om plassen Stord. Eg har ei kusine som har gått her før, og ho anbefalte det sterkt! Men planen min er jo å flytta te Bergen etter nokre år å fullføre studiet der, men veit jo aldri kva som skjer! :)


Eg er ei 20 år gamal jenta frå Kopervik på Karmøy. Eg har no hatt eit friår og jobba på eit bakeri, der eg fortsatt jobbar i helgane. Akkurat no pendlar eg med venner som går på førskulelerarutdanninga, men prøvar å finna leilighet på Stord. Eg har gått tre år på tegning/form/farge ved Kopervik VGS, planen er å bli formgivningslerar på gymnaset, eller å bli lerar på barneskulen. Har planar om å gå tredje og fjerde året i Bergen, der eg egentleg er ifrå. I fritia er eg med venner, og hovedinteressen min er reising.