Tilpassa opplæring

Måndag 31 mars hadde me om tilpassa opplæring. Men kva betyr egentleg tilpassa opplæring? 
Nokon elevar kan ha vanskar med å lære seg nytt stoff på vanlig måte, informasjonen kjem rett og slett ikkje inn. Det er då ein må tenkja på tilpassa opplæring, kva kan ein gjera for at eleven skal få mest mogleg ut av timane? 
No er opplæringa oå skulane tilpassa slik at det passer til "gjennomsnittseleven". Men kva med dei som fall utanfor "gjennomsnittet"?

Opplæringsloven § 5 - 1 seier at elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbudet, har rett til spesialundervisning.

Tilpassa opplæring betyr at elevane skal få undervisninga tilrettelagt slik at dei kan utfolda seg på best mogleg måte. 
Mot slutten av timane fekk me ein oppgåve der me skulle komme opp med fire måter å gjennomføra tilpassa opplæring på. Det var interessant å jobba med dette temaet, samt å høyre kva dei andre guppene hadde komt fram til!

Ingen kommentarer: