motivasjon

Måndag 28. januar hadde me om motivasjon. Me kunne sjølv velgje om me ville jobbe i grupper eller ha forelesning, klassen valgte gruppearbeid. Gruppene på to og to blei inndelt på førehånd og poenget var at me skulle lesa nokre sider kvar for så å sette seg inn i ein annan gruppe som hadde lest noko anna og diskutera. Dette blei det litt kluss med, så gruppa eg var med i var på tre stykker og me måtte då sette oss inn i alt stoffet sjølv. Me bestemte oss for å skumlese gjennom dei sidene som var satt opp for så å prøva å diskutera det etterpå. Men me fant fort ut at det ikkje var enkelt å skumlesa alt, sidan det var veldig krevande stoff. Så det blei ikkje mykje tid til diskusjon, men me fekk laga spørsmål til temaet me hadde om:

Spørsmål frå kap 15.6 Utvikling av mestringsmotivet: den gode og den onde sirkel.

1. Kva er dei to grunnleggjande prestasjonsmotiva?
2. Korleis la mødrene tilrette for sjølvstendigheitsutvikling blant dei høyt meistringsorienterte gutane?
3. Kva er skilnaden for det autonome og sosiale prestasjonsmotivet?
4. Nemn døme på negative sider på belønning
5. Kva legg Knina Klein vekt på i sitt arbeid?
6. Kva står dei fire nederlagsreduserande strategiane ut på?
7. Kva strategier aukar sjansen for å lukkas?
8. Korleis kan me redusera prestasjonsangst?

Som du ser var det veldig krevande stoff og eg angra nok på at me ikkje valgte vanleg undervisning istadanfor gruppearbeid. Det var rett og slett for mykje å sette seg inn i, og det blei ikkje betre med at det var kluss med gruppene. Eg fekk ikkje så mykje ut av desse timane så eg ville. 

Ingen kommentarer: