Refleksjonsnotat

No nærmar slutten av skuleåret seg drastisk og det er på tide å reflektera litt!
Når eg slutta på vidaregående tok eg meg eitt år fri, eg visste ikkje heilt kva eg ville vidare samt eg trengte ein kort pause frå skulen. Men når så et år fauk forbi, måtte eg bestemma meg. Eg hadde vore innpå fleire tankar, men til slutt var det lærarskulen som frista mest. Pedagogikk hadde eg fått høyre var eit veldig tungt og tidskrevande fag, noko eg etterkvart forsto meir og meir. Det var mange teoriar og teoretikarar å settje seg inn samt prøve å ikkje forveksle, det var ein liten utfordring i seg selv! 

Me blei fort introdusert for blogg, kva var så dette?
Eg trudde eg visste kva ein blogg var, men eg hadde aldri i verden blogga før. Eg syns det var interessant i byrjinga å skriva blogg, men fant fort ut at dette var tidkrevande. Me skulle blogga for kvar undervisningsøkt, og komme med eigne meiningar og synspunkt. Dette er jo eigentleg heilt genialt når du tenkjer gjennom det, tenk så kjekt det må vera å lesa bloggen om nokre år. Kva tankar og meiningar hadde eg om det temaet i forhold til kva eg har i dag, har kanskje meiningane mine forandra seg? 

Så var det alle dei forskjellige begrepa, eg har lært meg mange nye og nyttige ord, det er i alle fall sikkert! Noko av det første me lærte meir om var didaktikk som kjem frå det greske ordet didaskein som betyr å undervise/lære. Noko som studiet vårt handlar om. Me blei introdusert for kva, korleis og kvifor. Noko som eg kjente igjen frå videregåande, der me skreiv "hva, hvordan, hvorfor" skjema til kvar oppgåve me hadde i formgivning. 

Veke 38 var første gong me skulle ut i praksis, då skulle me observera ein klasse. Det var utruleg spennande å faktisk berre  sitta der og føla seg som ein flue på veggen. Det var mykje å gripa fatt i og eg skreiv notatene mine flittig. Dei andre praksisperiodane var heilt fantastiske, då skulle me virkeleg gripa fatt i lærarrollen. Til slutt hadde me timar heilt åleine med klassen, noko som gjekk over alle forventningar. Eg har lært så utruleg mykje i praksis, noko eg tar med meg vidare i livet. 

I høve til mappeoppgåver og innleveringar, syns eg det verken har blitt for mykje eller for lite, men akkurat passe! Sjølv om det har vært litt mykje jobbing til tider er nok grunnen at eg er altfor glad i å utsetta ting. Det straffar seg til slutt! 

Viss eg skal trekkje fram ein undervisning i løpet av året som eg syns var mest interessant og lærerikt må eg tilbake nokon månadar til du kjem til oktober og pedagogisk grunnsyn. Det var mykje fagstoff å setja seg inn i, veldig mange læringsteoriar samt teoretikarar. Me valgte då å ta utgangspunkt i Dunn og Dunns læringsmodell og filmatiserte ein vanleg klassetime med utgangspunkt i denne teorien. 

Men ettersom året har forløpt, har eg blitt mindre og mindre motivert. Og det har så absolutt ingenting å gjere med lærarane må du tru! Nei, kjekkare lærar i pedagogikk skal ein leita lenge etter. Det er ellers eit ganske tungt fag, men med litt variasjon har Birgit fått meg på gli, og eg lurar på om eg hadde holdt ut like lenge med ein annan lærar. Motivasjonen sank på grunn av meg sjølv, og ingen andre. Læraryrket er nemleg ikkje noko for meg. Eg syns det var heilt kanon å vere ute i praksis, og eg hadde nok likt å vera lærar ein periode, men ikkje heile livet. Eg har alltid vært ganske kreativ av meg og har no komen inn på interiørskulen, noko eg gledar meg skikkelig til! Men eg kan ikkje sei eg angrar på dette året, det har vært ein interessant opplevelse og eg er blitt mange nye inntrykk og erfaringar rikare. Korleis skulle eg ellers veta at læraryrket ikkje var noko for meg viss eg ikkje hadde prøvesmakt på det litt? 

Eg ynskjer alle i både a og b klassen lukke til med neste år, dette klarar dykk kjempefint! Og til Birgit vil eg berre sei takk for eit flott år, du er ein kanonlærar! Takk for meg!:)

1 kommentar:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Astrid...
Eg er så glad for å høyra at du er komen inn på noko du verkeleg har lyst til å driva med, og vil ynskja deg lukke til på interiørskulen (høyres veldig spanande ut). Eg vil elles takka for i år, og seia at det har vore kjekt å bli betre kjend med deg. God sommar, og som sagt, lukke til vidare!

Birgit :-)