Punktpraksis

Tirsdag 22. januar hadde me punktpraksis på skåredalen skule. Det var veldig kjekt å sjå klassen igjen, dei hadde fått ei ny lærar sidan sist gong me var der, Anne. 
Me begynte dagen med svartedauden, noko eg trur elevane syns var interessant! Først spurte vi elevane kva dei kunne om svartedauden før vi viste og forklarte PowerPoint presentasjonen me hadde laga. Så skulle elevane få laga si eiga PowerPoint presentasjon, noko som dei aller fleste hadde teken på. Kriteriane me hadde var at det minst skulle vere 5 bileter og 10 faktasetningar. Elevane var veldig flittige og mange blei ferdige ganske så raskt, men nokon presentasjon fekk me ikkje tid til denne dagen, noko eg trur elevane egentligt var glad for. Dei syns det er kjekt å laga ein slik presentasjon men å visa det for heile klassen blir noko anna!

Eg trur mange av elevane i klassen fekk ein liten tankevekekr når me gjekk igjennom nettvett. Det blei mykje spørring og forundring om at det faktisk ikkje var lov å lasta ned musikk. Kvifor i all verden skulle dette vere ulovleg når det faktisk var ute på internett og så enkelt å lasta ned? Me delte ut ein spørjeundersøkning der elevane skulle svara på nokon spørsmål om nettvett. Det var litt skremmande å finna ut at mange i klassen la ut vikteg informasjon om seg sjølv på internett. Eg trur også at elevane blei litt skremde sjølv når vi viste dei kor enkelt det faktisk var å finne informasjon ved berre å google dei på internett.

Eg syns dagen gjekk bra og elevane fekk nok mykje å tenkja på når dei kom him, i høve til nettvett!

Ingen kommentarer: