Vurdering og veiledning

Som lærar er det viktig å kunne vurdera og veileda på ein god måte slik at elevane er klar over sine gode sider og sider dei treng å jobba litt vidare med. Tilbakemeldingane må vere oppriktige, konkrete og grunngjevande. 
Eg syns sjølv at tilbakemeldingar eg har fått opp igjennom åra har hjelpt meg mykje, for korleis skal du ellers veta kva du treng å jobba vidare med? Det er nok mange som ikkje tålar kritikk, men kritiske tilbakemeldingar treng ikkje vere negative, det er berre ein måte å hjelpa deg vidare på! 

Når du går på barneskulen får du ikkje karakterer, då er det viktig at læraren tar ein samtale med kvar enkelt elev viss det trengs. Viss dette ikkje blir gjort kan det vere at elevane sit igjen med eit falskt bilete av si eiga kompetanse når dei så skal vidare til ungdomsskulen.

Det fins mange lærarar som ikkje er skikka til rollen sin. Som lærar skal du alltid ha elevanes beste i hånd og alltid prøva å hjelpa dei så godt dei kan. Det fins mange lærarar som ikkje KAN gi veiledning, det veit eg sjølv sidan eg har hatt ein slik lærar. Det er forvirrande å ikkje vite korleis du ligg ann fagmessig, og då synk motivasjonen fort. 

Vurdering er ikkje berre viktig for elevane, men også for lærarane. Informasjon om kva nivå elevane ligg på er viktig i vidare undervisning. 

Ingen kommentarer: