Ynskjeøkt - utfordringar i lærarrolla og det spesialpedagogiske feltet

Me fekk velgje sjølv kva me skulle ha om denne økta, og valget falt på spesialundervisning. Eit veldig interessant tema i mine auger! Spesialundervisning er ein form for tilpassa opplæring, man skal tilpassa arbeidsnivået og mengden til kva ein meiner er best for kvar enkelt elev. Har denne eleven ein eller annan form for sjukdom, er det viktig at læraren tek tak i dette og lar eleven uttrykkja seg på den måten han syns er best. Det var interessant å lese om skuletestane, dei skal hjelpe til slik at tilrettelegginga av undervisningsopplegget samsvarer med kvar enkelt elev. Testane skal hjelpa ein med å sjå kva elevane er gode på, og mindre gode på. 

Eg visste ikkje at lese- og skrivevanskar var såpass utbredd som det faktisk er. Viss du tenkjer på ein vanleg klasse med 25 elevar har 1 - 2 av desse elevane dette problemet. Eg vil minna på Høien og Lundbergs seks viktige råd om lese- og skrivevanskar:
1. Tidleg identifisering og hjelp
2. Fonologisk grunnarbeid (trening i å identifisera og skilja språklydar)
3. Direkte undervisning og rettleiing (peika, retta merksamda mot, halda konsentrasjonen, setja namn på m. m.)
4. Multisensorisk stimulering (undervisningsmetode der fleire sansar blir brukt under innlæring)
5. Meistring, overlæring og automatisering
6. Godt læringsmiljø

Eg kan ikkje sjølv forstå kor utruleg vanskelig det må vere å ha dette problemet. Lesing og skriving er noko samfunnet vårt meiner at alle skal og bør kunne! For dei som faktisk sliter med dette kvar dag må det vere ein stor påskjenning. Sjølv om me syns det er lett, må ein hugsa på og forstå at det ikkje er slik for alle. 

Ingen kommentarer: