Oppsummering av året + skulefrukost!

Dette var virkeleg ein kjekk idè av Birgit! Den siste pedagogikk timen vår gjekk ut på å eta frukost saman og sjå på alle bidraga til den samansette teksten. 

Me møtte opp på "Børtveit skule" klokka halv ni, og alle skulle ha me sitt bidrag til skulefrukosten. Når me var ferdig å ete fekk me informasjon frå Birgit om sluttføringa i pedagogikk, kva me måtte hugsa på når det kom til eksamen som va veldig viktig å få me seg!:)

Etterpå gjekk me alle til lille-auditoriumet og fikk sjå dei samansette tekstane, det var kjekt å sjå korleis alle har gjennomført oppgåva. Og alle hadde vore veldig flinke!
Godt oppsummert, ein tipp topp dag!:)

Ingen kommentarer: