Born og nye medier

Måndag 7 januar
begynte me med temaet "born og nye medier", noko me skulle arbeide med i ukene som kom. Dette er eit tema som er veldig viktig og aktuell i tida vi lever i no. Born har mykje meir tilgang til internett og mobil no enn kva dei hadde for berre nokre år siden. Eg hugsar sjølv kor glad eg var når eg fekk min første mobil som 14 åring, det var stas! Men det eg brukte mobilen til var å ringe til mamma og i nokre tilfeller venninner. Det var jo nesten ingen som hadde, eller i den grad, brydde seg om mobil! Men no er fela snudd, dei aller fleste 14 åringar har mobil og brukar den flittig. Men det er ikkje berre til å ringe med eller skrive meldingar må du tru! nei no har mobilane fått så månge finesser at du veit ikkje om du skal kalla det ein mobil lenger. Men dette er også veldig skummelt, det er f.eks blitt mykje enklare å mobbe. Jenter er jo dei verste til psykisk mobbing. Internett er også blitt mykje meir utbredd dei siste åra. Eg byrja sjølv å gå på mIRC siste året på barneskulen, men ikkje i den grad det blir brukt i dag. No kan du nesten ikkje holde styr på alle internettsider eller programmer ungane dine er innpå. Eg fekk kanskje lov å sitte ein time om dagen på internett. Men eg brydde meg ikkje så mykje, kvifor ville ein sitta på internett når ein kunne vere ute med venninnene sine? Det er ikkje løye ungar no til dags er i så dårleg form, dei set altfor mykje på dataen! 

Denne dagen tok me opp to ting i undervisninga; Å vere trygg på internett og fusk og fanteri. Det var veldig interessant, men også veldig skremmande å høyre om. 

I 18% av tilfella når du chattar viser det seg at det er ein vaksen som gir seg ut for å vere noko han ikkje er. Du bør egentligt aldri chatte med nokon du ikkje er sikker på kven er, og i alle fall ikkje gi ut informasjon om deg sjølv! 

De fire chattereglene til Redd Barna syns eg er viktig å hugsa på:

1. Vær anonym
- gi aldri fra deg navn, adresse eller telefonnummer!

2. Gå ut viss du ikke liker chatten
- det er du som bestemmer!

3. Møt aldri noen fra chatten alene
- ha alltid med en voksen første gang!

4. Hvis du skal møte noen fra chatten
- velg et offentlig sted med mange mennesker!

www.saftonline.no  er ein veldig bra side der de arbeider for trygg bruk av digitale medier for born. Her finner du informasjon om kva som er viktig å hugse på når du bruker internett, mobil og andre medier. 

Det var også veldig interessant å høyre om fusk og fanteri. Sjølv om du trur du veit kva som er rett og galt på internett, er det mykje meir komplisert enn som så! 
Plagiering er kanskje eit ord ikkje så månge har høyrt om. Det vil sei at du ikkje har lov å :
- bruke andre sine tekstar
- bruke sitater utan referanse til kjelde
- klypp og lim.

Dei aller fleste av oss "fuskar" når vi er på internett, vi lastar ned musikk og filmar utan å tenkje på det, men det er faktisk ulovleg! 

Torsdag 10. Januar 
var ein veldig kjekk dag på skulen. Me skulle prøva ut forskjellige verktøy på datamaskinen. Me skulle bl.a laga ein teikneserie ut frå programmet cartoonist som var veldig spennande. Me skulle også prøve Pivot, som er strekmennanimering. Eg fekk ikkje til å åpna programmet, det kan vere at eg ikkje har dei rette programma inne sidan eg har mac, men eg fekk sjå og prøve litt av dei andre i klassen. Alt i alt var det ein kjekk dag!

Måndag 14. Januar
Denne dagen skulle me byrja planleggja punktpraksisen 22. januar på skåredalen skule. Me skulle ha om nettvett og svartedauden. Eg syns planleggjinga gjekk bra og me lagte ei skisse av opplegget vårt som gjekk ut på å ha tre timar med svartedauden og ein time med nettvett. Det var kanskje litt liten tid med nettvett men det var praksislæraren vår som bestemte.

Ingen kommentarer: