Alt i alt synes eg at praksisvekene gjekk veldig bra. Eg hadde som mål å bli betre kjent med elevane og å bli trygg på å stå foran ein klasse. Dette meiner eg at eg er blitt flinkare til, men det må nok mykje meir arbeid, prøving og feiling til! Men klassen er veldig flinke til å jobbe og å høre etter. Det blir jo sjølvsagt litt bråk av og til, men dei fleste av elevane skjerpar seg med ein gong dei får tilsnakk. Så eg er fornøyd med praksisvekene og eg er veldig fornøyd med elevane:)
praksis - refleksjon etter uke 46-47
me byrja dagen med matematikk der både eg, Ina og Camilla underviste. Me delte klassen inn i grupper der kvar gruppe jobbar på forskjellige stasjonar. Sidan me berre er tre praksislærarar delte vi klassen inn i tre grupper på 7 elevar. Eg tok for meg Plump-spillet, Ina hadde eit memory spill og Camilla hadde cuisenairesstaver. Eg syns elevane jobba godt og dei var veldig interessert i Plump. Sjølv dei av elevane som opprinnelig slit i matematikkfaget fekk utfolda seg og visa kva dei kunne. Resten av veka hadde eg samfunnsfag to timar og norsk åleine, som eg syns gikk veldig bra. Det er ein enorm lett og samarbeidsvillig klasse me har komen i! Eg hadde også norsk og gym saman med andre på praksisgruppa. Elevane var også på besøk i haugesunds avis denne veka, noko eg trur dei syns var veldig kjekt. Det triste var jo at dei ikkje fekk bilete i avisa, men dei fekk lov å sjå i studioet til radio 102, som nok var litt stas! Den andre veka hadde eg ein norsk time, matematikk og samfunnsfagtime aleine. Eg hadde også naturfag saman med andre på praksisgruppa.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei Astrid!
Kjekt at du har hatt det fint i praksis og at du trives. Det er mange utfordringer i læreryrket og spesielt for oss ferske studenter så det er bra vi skal ha noen uker til med praksis slik at vi får enda mer trening i å takle alle de ulike utfordringene.
Var det noen spesielle ting som du syntes var utfordrende og som du har tenkt på i etterkant? Hvordan gikk det med planleggingen i forkant? Gikk alt som planlagt i gjennomføringen?
Det er ikke lenge til vi skal ut i praksis igjen nå så jeg vil bare ønske deg lykke til! :-)
Hilsen Maria.
Legg inn en kommentar