Me hadde praksis på skåredalen skule i uke 38.
På måndag møtte me rektor kl 08.30 i pauserommet for lærarar. Me hadde eit fellesmøte og fikk informasjon. Så gjekk me ein tur rundt på skulen for å bli meir kjent med skuleområdet og alle dei forskjellige klasseromma. Skulen bruker mykje IKT, og har satt seg godt inn i classfronter.
Så fekk vi møte klassen våras, klasse 7A. Det var 21 elevar; 13 gutar og 8 jenter. Det verka som me hadde komen i ein veldig kjekk klasse, der elevane likte læraren sin og hadde respekt for han. Læraren deira, Petter, tok oss ut på gangen for å snakke litt med oss om klassen. Då me kom inn igjen satt nesten alle og jobba for seg sjølv, utan mykje bråk. Det blei eg positivt overraska over, når eg tenkjer tilbake til når eg gjekk i 7nde klasse så var det ikkje SÅ stille i klassen når læraren forlot klasserommet. I matematikk, norsk og samfunnsfag har dei arbeidsprogram der dei kan gjera kva dei vil, så lenge alt på programmet blir gjort i løpet av uka. Denne uka skal bl.a. gangesertifikatet bli tatt. Eg tok tida på ein av elevane og blei veldig imponert, det var 100 spørsmål og eleven tok testen på 2min og 50sek, alt var rett. Eg fekk høyra etterpå av læraren at dette var ein veldig flink elev, han kunne alle hovudstadane i Afrika når han gjekk i 5 klasse, så det seier jo litt. Etterpå hadde me gym ein time med slåball. Me var ferdig klokka 2. Så satt me oss ned begge 7nde klassegruppene med praksislærarane våras og snakka om korleis dagen hadde gått.
På tysdag hadde me kunst og handverk i dei to første timane. Elevane hadde ein oppgåve der dei skulle teikna ein planteikning av eit hus. Alle måla måtte stemma sidan dei etterpå skulle skjære ut teikningane å laga hus av dei. Nokon elevar jobbar godt, mens andre er meir opptatt av andre ting. Mange treng hjelp frå læraren og rekk opp handa, får dei ikkje hjelp med ein gong så prøver dei ikkje sjølv, men ventar heilt til dei får hjelp. Ein av elevane bruker linjalen til å skyte visk og knekker til slutt linjalen. Han blir snakka til av læraren, men fortsett å skyte visk når læraren snur seg. Ho må snakka to gonger til han for at han skal gi seg.
Det er tredje time og KRL. Timen byrjar med høytlesning frå kristendomsboka. Elevane får lesa eit avsnitt kvar. Det er forholdsvis stille i klasserommet, men merker likevel at alle ikkje følgjar heilt med for når det er deira tur til å lesa, veit dei ikkje heilt kvar dei er i teksta. Det er kanskje ikkje så enkelt å konsentrera seg for i klasserommet på sida av er det synging, og det høres veldig godt. Når dei er ferdig å lesa skal dei gjera oppgåver frå det dei har gått igjennom.
Siste time og det er norsk, men dei held på med arbeidsprogrammet. Dei fleste gjør matteoppgåver eller gangesertifikatet, mens nokon få held på å lesa eller skrive historie i norsken. Alle sit å gjer lekser relativt stille og roleg, det er ikkje mykje bråk i klasserommet. Elevane er veldig opptatt av gangesertifikatet, kor fort dei klarar å ta den og kor mange feil dei har.
Onsdag var me ikkje på skåredalen skule, men på HSH for å snakka om korleis det har gått dei to dagane me har vore i praksis.
Torsdag
Første time er det naturfag, dei har lesetime til kl 09.00. Etterpå er det høytlesning, og de hentar bøker frå hyllene. Elevane får i oppgåve å finne ut meir om eit krepsdyr, då får de ta dei bærbare dataene til hjelp. Skulen har tre traller med 16 laptoper i kvar. Elevane skynder seg fram for å finna kvar sin data. Det er nok litt vanskeleg å finna ein god internettside med masse informasjon om krepsdyr. Men eg merkar at dei syns det er interessant og kjekt å få lov til å holda på med dataen. Dei fleste skriver om krabber i ulike variantar. Dei skal også enten teikna eller printa ut eit bilete av dyret dei skriv om.
3time, engelsk. Timen byrjar med glosetest. Læraren seier først ordet på norsk til klassen, så skriver han det på tavla. Dei finner fram engelskbøkene sine og skal gå igjennom leksa til i dag. Elevane lagar spørsmål med ”to do” i fortid. Dei les det høgt opp for læraren og resten av klassen. Så byrjar dei på ein ny tekst. Dei får først høyra teksten på cd mens dei føler meg i boka og stryker under ord dei ikkje forstår. Dei skal lesa teksten neste gong dei har engelsk.
I mattetimen vil dei fleste ta gangesertifikatet, sidan alle må ha tatt den i løpet av uka. Nokon av elevane er veldig opptatt av kor fort dei klarar å ta den, og tar testen fleire gonger for å slå tida si, sjølv om dei har klart alt rett på dei andre prøvane. Veldig konkurranseinstinkt mellom nokon elevar. I 5 time har dei KRL med Elisabeth, som er læraren for den andre 7nde klassen. Dei bestemmer seg for å helda på med arbeidsprogrammet slik at alle får ein sjanse til å bli ferdig.
Fredag og det er siste dag i praksis for denne gang. Me møtar på skulen kvart på ni og tar bussen klokka ni frå skåredalen skule. Me skal på forskingsmesse med klassen på Karmsund vgs. Det verka som elevane hadde det veldig kjekt og sprang rundt på dei ulike standane.
Litt om klasserommet :
Pultane er plassert slik at alle er vendt mot tavla. Dei sit to og to, tre og tre, fire og fire. Læraren har plassert elevane slik at klassemiljøet fungerar best muleg. Han setter dei som er litt bråkete samen med dei som er litt meir stille. Tavla er relativ liten, og på sida av tavla er oppslagstavla der arbeidsprogrammet og leksene henger.
Konklusjon :
Det var ein kjekk og spanande veka, me fekk bli litt kjent med klassen og opplegget deira. Eg gledar meg til neste praksisperiode der me får gå litt meir innpå lærarens rolle og ikkje berre observera. Det skal bli utfordrande og kjekt å undervise timar sjølv!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hei, Astrid Maria...
Innlegget ditt frå praksis går detaljert inn på det du har observert, og det blir mykje "oppramsing". Eg er mest oppteken av kva du lærte av å observera den veka. Kva veit du no om skulen? Kva har du lært om ungar i denne aldersgruppa? Kva vart du overraska over, og kva var som forventa?
Kvifor er observasjon så viktig i skulen?
Birgit :-)
Legg inn en kommentar