Eg hugsar når eg gjekk inn i klasserommet våras for aller fysste gong, det lyste opp
med fargerike bokstavar og teikningar på tavla som ynskte oss velkommen. Frøken tok seg tid til å snakka skikkelig med alle elevar og foreldre før vi fekk vår eiga pult som var utstyrt med teikneark og teiknestiftar. Ho var den yngste læraren på skulen, og sjalusien spreidde seg fort frå parallellklassane våras, alle hadde lyst på lærar Anne! Ho gjorde det kjekt å vera på skulen og fekk oss alltid med på nye, spanande ting. Eg hugsar godt når eg hadde skada med etter ein litt heftig lek, så blei Anne med meg til legen og satt å haldt meg i handa mens eg fekk sydd igjen kneet mitt. Det som var så bra med Anne var at vi aldri grua oss til ein einaste time, ho behandla alle likeverdig og med forståelse for dei i klassen som ikkje hadde det like lett. Ho brydde seg verkeleg om kvar enkelt av oss, og det er nok denne eigenskapen hennar som gjer at eg hugsar ho så godt.Diverre fekk vi ikkje ha ho alle åra på barneskulen, sidan ho blei gravid. Det var ikkje lett for den stakkars læraren som skulle erstatte frøken våras nei. Når vi var ferdig med barneskulen fekk vi med oss ein vidare plan som vi skulle ta med oss i livet, eg har tatt vare på den og legger ut eit bilete av den her. Ho kom også å besøkte oss på ungdomsskulen nokre gonger for å sjå korleis det gjekk med oss. Eg trur det er Anne som har påverka meg litt at eg no går på lærarutdanninga, det er ei slik lærar som ho eg har lyst å bli.

1 kommentar:
Så kjekt det var å lesa om Anne! Og så utruleg mykje lurt og flott du har fått med deg i "ryggsekkjen din" som du kan ta med deg vidare inn i di eiga lærarrolla... Eg forstår godt at ho har påverka deg til å bli lærar, og for ein flott plan for livet vidare?! Eg er skikkeleg imponert!
Birgit :-)
Legg inn en kommentar