Kvifor bli lærar? Kvifor HSH?



KVIFOR LÆRAR?
Ja, kvifor har nett eg bestemd meg for å bli lærar? Eg hadde eit stort ynske om å bli frisør når eg var lita, stakkar barbiedokkane mine fikk gjennomgå stort. Men eg slo det raskt frå meg når eg byrja på ungd.skulen, då ville eg bli reiseledar! Det verka jo som ein drøm å kunne reisa omkring i verda, og få betalt for det til og med! Men eg fant fort ut at eit fly ikkje var drømmearbeidsplassen min. Så bar det vidare til gymnaset, då fant eg ut at lærar, det var noko eg kunne tenkje meg. Eg har nok alltid hatt det i bakhovudet sia eg gjekk på barneskulen, då hadde vi ei så kjekk lærar at det er nok ho som har påvirka meg i valet.

Så får vi no se om eg bestem meg for å bli barneskule-lærar, eller formgivningslærar på gymnaset. Det er no bra eg slepp å bestem meg for det nett no!

KVIFOR HSH?

Eg har høyrd mykje positivt om både skulen HSH og om plassen Stord. Eg har ei kusine som har gått her før, og ho anbefalte det sterkt! Men planen min er jo å flytta te Bergen etter nokre år å fullføre studiet der, men veit jo aldri kva som skjer! :)

2 kommentarer:

Maria sa...

Ikkje lett med alle desse valga me må ta, men om det blir det eine eller det andre faget så trur eg læraryrket blir kjekt :)

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Hei, Astrid Maria...

Vonar du vil trivast godt her hos oss. Her kan du både kvalifisera deg for undervisning i Vidaregåande skule via master i IKT i læring, eller velja fordjuping i Kunst og handverksfag... Kjekt å høyra at skulen vert anbefalt av tidlegare studentar til vener og familie...

Birgit :-)