Idag hadde vi undervisning om teamarbeid, korleis vi oppførar oss med ulike personar. Vi må leggje om korleis både talemåten og kroppsspråket våras blir brukt avhengig av kva slags personar vi snakkar med. Vi snakkar til dømes ikkje likt med ungar på barnetrinnet som vi gjer med avgangselevar på videregående. Vi må sjå ann publikummet våras! Det var også ein liten tankjevekkar at heile
70% av kommunikasjonen føregår gjennom kroppsspråk, vi må altså vera veldig forsiktige med korleis vi oppførar oss slik at ingen tolkar oss på feil måte. Det teller nemleg ikkje like mykje
kva vi seier, men
korleis vi seier det! Det verbalet språket teller nemleg berre
30% av kommunikasjonsprosessen. Vi har også mange personar å ta hensyn til når vi er lærarar, mange samarbeidspartnarar. Vi må samarbeida med rektor, andre lærarar, helsesyster.. ja alle tilsette på ein skule! Men vi må også samarbeida med føresatte og elevar, barnevernet og pedagogisk psykologisk teneste, for å nevna nokon. Eg tykkjer det var to lærerike timar der vi fekk ein god undervisning i å kommunisere!
Andre økt av pedagogikken starta med at vi fekk sjå ein film om kroppen, korleis vi oppførar oss saman med andre personar, kva som er "rett og galt". Det var ein spanandes film. Etterpå byrja vi med miming, det var både moro og utfordrandes, ikkje alltid lika lett! Vi brukte berre kroppsspråket våras til å fortelje dei andre i klassen kva vi skulle fram til.
Det var nokon morosame timar :)